Hvordan velge telemarkbindinger

Skal du velje ny telemarkbinding i år? Her er våre tips!

Tilbake til alle guider > Hvordan velge telemarkbindinger

Skal du velje ny telemarkbinding i år? Då kan du gjere det lett eller du kan gjere det komplisert. Du kan ta deg god tid med å lese bloggar, testar og det du måtte finne for å gjere deg godt kjent med nyvinningar i telemarksmarknaden. Ønskjer du derimot ei lett løysing, gjer du kanskje vel med å hente dei gamle 75mm skoa dine i kjedlaren, skru av Cobra’ene frå gammelskia og dra i vei....eller? SGN samlar her kortfatta informasjon som kan hjelpe deg på rett veg!

Denne artiklen er skrevet av Anders Bjørkhaug - ivrig telemarkkjører og venn av SGN-familien  

Men er det noko nyvinning innan telemarksporten? Spør du.

Då Rottefella lanserte NTN i 2007, var nok dette ein liten revolusjon for telemarksporten. NTN-bindingane har vore elska og hata av mange, men dei siste åra har ein sett størst utvikling basert på denne bindingsplattformen. Nokre svergar framleis til 75mm, og ære vere dei for det, men skal sporten rekruttere unge friske køyrere, trur eg vi gjer vel i å sjå framover. Av dette omsyn tek vi her for oss NTN, og ser vekk frå 75mm. - For å gjere valet litt enklare for deg. 

Ved val av ny binding, kva legg du vekt på?

  • Legg du vekt på vekten eller tekniske detaljar?

  • Skal du gå opp eller køyre ner?

  • Utløysarfunksjon? Finns det?

  • Ekte «trå inn/trå ut»?

Vekt

Nyare telemarkbindingar er heil klart konkurransedyktig med mange alpinbindingar for tur på fjellet. Dei lettaste tele-tech bindingane på marknaden ligger like under 500gram, mens dei fleste i NTN-kategorien ligg under 900 gram i vekt. Slikt kan ein tole.

Touring [to:'riŋ] funksjon - fra engelsk touring, til tour 'reise rundt – eller på nynorsk Turgåarfunksjon

Dei fleste ønskjer mogligheit til å kunne gå med feller på fjellet. På 90-tallet var telemarksporten uovervinneleg på dette punktet, fordi alpinbindingar fanns ikkje med turgåarfunksjon, og telemarkbindingane hadde laus hæl. Etter rando-revolusjonen, fann folk ut at det var ikkje lenger like godt å gå opp med telemarkbindingar. Telemark blei hengande etter, og bindingane hadde nok store deler av skylda. Ein god turgåarfunksjon har vore eit viktig satsningsområde i tillegg til vekt, når nye telemarkbindingar utviklast. Vi kan snart seie at vi endeleg har tatt igjen forspranget som rando-folka fekk på oss.

Progressiv flex – aggressiv eller berre kontrollfreak?

Bindingar som ha fjærsystemet plassert under skoa gir ein progressiv flex etterkvart som ein løfter hælen. Dette gjer tidleg motstand samanlikna med ei binding med fjersystemet på siden av skoa. Ein progressiv flex gjer bindinga litt meir agressiv, som hjelper deg med kantstabilitet og kontroll på bakskia. Kontroll på bakskia er viktig, spesielt når du køyrer djup laussnø eller frekk skog. Slikt ein blant anna finn rikeleg av i Sogn.

Utløysarfunksjon – korleis kvitte seg med skia

Dessverre finnes der nesten ingen telemarkbindingar som har utløysargaranti. Det betyr ikkje at bindingane ikkje vil løyse ut, men produsenten vil ikkje gje ein formell garanti. Dette kan gje auka risiko for skadar ved fall og i skredsituasjoner. Bindingens evne til å løyse ut, vil vere avhengig av kor stramt den er stilt inn. På tele-tech bindingar (sjå under), kan justering av tech-festet betre utløsefunksjonen. Det kan nemnast at fleire bindingar leverast også med skistoppere. Dette er greitt å ha når bindingen først løyser ut i ein lang unnabakke.  

Ein ekte følelse av å trå inn, og trå ut att

Draumen om å trå inn i ei telemarkbinding utan å måtte bøye knea for å dra på seg hællåsen, har vore der hos alle telemarkkjøyrere med mjølkesyre. Og alle telemarkkjøyrare får mjølkesyre. Det er eit ganske fornøyeleg syn å sjå kreative løysingar når bindingane skal på og av. Denne tid er endeleg over! Med «true step in/step out» meiner vi at ein «klikker» på bindingen slik ein kan gjere med ei alpinski. Dette er det kun få produsentar som har klart å løyse. Fornøyelsen er spesielt god, når ein raskt må av og på med skia til dømes for å rette på fellen, eller slå lens.

To Tech or not to Tech – finnes gode nynorskord?

Pr 2020 finnes der 4-5 ulike bindingar med techfeste på tåa. Desse kallast på godt nynorsk two-pin bindings, eller kanskje binding med «pinsettgrep»? Techfestet gir full fridom på veg oppover, der ein kan flekse skoa inntil 90 grader. Techtupp gjer teoretisk også ein utløysafunksjon, sjølv om dette ikkje er garantert (sjå over). Tech gjev lav vekt, og nokre telemarkbindingar har også kombinert dette med hælsystem nr to (second heel), som skal gje mogleghet til å låse hælen. Nore telemarkentusiastar spør sjølvsagt då: «men kvifor det?»

SGN har etter aukande forespørsel valt å ta inn nokre telemarkbindingar for nettsal. Vi har to modellar i NTN-kategorien, der ein av bindingane er tech-tupp. Og den andre er utan tech. Vel du å prioritere vekt og touringfunksjon, bør du lande på tech-bindingen Lynx. Dersom du meiner at bindingen bør tåle agressiv frikjøyring og jibbing, bør valet lande på den kraftigare bindingen Outlaw X.  

Uansett val, meiner vi at du absolutt vil bli godt nøgd med turen.

Artikkelforfatter i full fart. Foto: Torje Bjellaas

Vi håper denne guiden har gitt deg litt forståelse om hvordan det står til i "telemark-verden". Har du videre spørsmål eller trenger kjøpshjelp så er det bare å ta kontakt med vår salgsansvarlig Hans Kristian i chatten.

Hans Kristian Folde
Salgsansvarlig og toppturentusiast