Ambassadører > Mikkel Berre Landro

 

Kven er du med ski på beina? 

Med ski på beina er eg ein 20 år ung herremann i sitt ess. Eg er freerider og køyrer FWQ, alltid på jakt etter neste line, og gjerne med kamera i nærleiken.

 

Kven er du uten ski på beina?  

Utan ski på beina er eg stort sett i bevegelse. Det blir surf, sykling og trening, og på dei rolegare dagane sit eg og planlegg neste tur. Reising er noko av det kjekkaste eg veit, og det meste av pengane mine går til å kome meg til ein ny stad. Eg angrar aldri.

 

Kva ser du på som ditt heimeanlegg og kva gjer det spesielt for deg? 

Heimeanlegget mitt er Voss Resort, skogskøyringas paradis på jord. Eg sykler til gondolen og står på ski tjue minutt etter at eg gjekk ut døra. Her er det litt av alt, eit miljø som gjer folk til gode køyrarar, og eg kan alle dei hemmelege plassane. Dessverre er dei konfidensielle.

 

Kva er ditt beste skiminne? 

Nendaz, 11. januar 2026. Det hadde snødd ein meter på nokre dagar, og me køyrde skogen i snorkelføre. Så kom morgonen utan ei sky på himmelen. Heisane opna høgare opp, og me hadde sol, perfekt føre og gode folk. Me tok line etter line til beina gav opp. Klippene spelte ingen rolle, for uansett kva eg fann på, var det som å lande på ein pute.

 

Kva skiområder drøymer du deg tilbake til?

Lofoten. Der står fjella rett opp av havet, så du kan stå på toppen med heile fjorden under deg og køyre heilt ned til sjøen. Ingen heisar, berre renner, store fjellsider og lines så langt augo rekk. Påska 2024 var me i Digermulen ei heil veke med stabil pudder i alle himmelretningar. Det drøymer eg meg tilbake til. Eg har ikkje vore der nok, og det må eg gjere noko med.

 

Kva betyr det å vere ambassadør for SGN for deg?

Det er sjukt kult å ha Vestlandet under beina. Skia er utvikla i Sogn, og dei taklar alt eg kastar på dei, same kva forhold eg møter. Og så er det miljøet rundt merket: folk som verkeleg brenn for ski og som lyttar når eg har meiningar om dei. Det er veldig kult å vere ambassadør for SGN.

 

Kva ski brukar du mest?

Rakkar i 185 er eit enkelt val. Han funkar uansett kva du skal, og det er ein stor fridom å sleppe å tenke på kva ski ein skal ha på beina. Når det skal traskast, er Soleitind den perfekte «lette» versjonen av Rakkar!